Historia til Nes Nasjonale Dansarring.

Nes Nasjonale Dansarring blei stifta av ungdommar på Gvarv som ville ha eit eige lag for tradisjonell bygdedans som springar og gangar. Den fyrste instruktøren var Kjersti Midtbø, seinare gift Fagerås, og i over 25 år var Kristiane Lund frå Bø fast felespelar. Springarskeid om vinteren med stemne i spel og dans blei snart ein fast tradisjon. Etter kvart blei det oppvisningar rundt om i fylket, og programmet blei utvida med opplesing, sketsjar og song. Laget klarte å lage eit miljø som trakk til seg danseglad ungdom frå bygdene i Midt-Telemark. Dei tok opp tradisjonen med å arrangere "gilde", som kunne samle over hundre deltakarar. I 1957 blei spelstykkje "Arv utan kjerring" sett opp. Det skulle bli det fyrste i ei lang rekke spelstykkje, der spel og dans var eit viktig innslag.




Samstundes blei det arrangert bondebryllaup i gamal stil på Gvarv.




Rundt 1960 byrja jentene i laget å bruke beltestakk som danseplagg, medan gutane tok gråtrøya i bruk. Dette skulle bli opptakten til ein renessanse for bunad som festplagg i Telemark. Dugleiken til dansarane gjorde at dei blei eit fast innslag på hotella rundt om i fylket, i fyrste rekke på Vrådal Turisthotell. I 1962 gjorde ringen sitt fyrste innslag på TV. I 1966/67 fekk ringen ungdomshuset Sjodar av Olav G. Nordbø. Det kom til å bli det faste lagshuset i åra framover. Her blei det arrangert gilde, og her kunne ein øve med barnedansarringen. Men mange dugnadstimar og mykje pengar måtte til for å halde det vedlike. I 1968 vann Anne Hørte og Kittil Lindheim klasse A i kappdans på Landskappleiken på Lillehammer. I det same året noterte ein seg for rekord i talet på oppvisingar med 34. Dansarringen var med dette blant dei fremste representantane for den nasjonale dansen i Norge. I 1975 stod laget saman med Spelemannslaget "Bøheringen" som arrangør for Landskappleiken, som gjekk føre seg i Bø. Dette gjentok seg i 1988. Då var laget på nytt medarrangør for Landskappleiken i Bø.




I 1976 døydde Kristiane Lund, og av dei som overtok som spelemenn var Lars Jysereid, Kjetil Straume, Olav Myrland, Edgar Wassvik, Heidi Løvlund og ikkje minst Egil Aasdalen og Johannes Sundsvalen. Johannes Sundsvalen vann Landskappleiken i spelklasse A på Nordfjordeid i 1991.

I 1977 var laget for fyrste gongen på USA-turné. Dei hadde 12 framsyningar rundt om i Minnesota og Nord- og Sør-Dakota. Det skulle bli innleinga til ei rekke med reiser og oppvisningar i utlandet. I 1997 reiste laget på nytt til USA, og denne gongen var det Haustfest i Minot i Nord-Dakota som var målet. Ringen har mellom anna besøkt Stuttgart og München i Tyskland, Århus og Silkeborg i Danmark og Orknøyane og Færøyene. Ofte skjedde desse besøka i samband med folkedansfestivaler der dei møtte dansarar frå heile verda. I 2000 deltok ringen på den store folklorefestivalen "Baltica 2000" i Latvia. Ringen har på si side vore vertar for mange besøk av dansarar frå utlandet som gjenvisitt.

I 1977 hadde laget 163 medlemmar. Det er det høgaste i lagets historie. Sommaren 1978 var mange av dei involvert som statistar og dansarar i Norsk Film sine opptak av filmen om "Myllarguten". 1982 mottok Nes Nasjonale Dansarring Kulturprisen av Sauherad kommune. I grunngjevinga heitte det: - de har ikke bare danset seg til kulturpris.  Dansarringen har i mer enn 30 år vært kulturspredere og bærere. Den har gjort en fremragende innsats for folkedansen, folkedraktene, bygdestevner, kappleiker og stått for skuespill som "Huldresølvet", "Kong Sverres Hirdmenn" og "Møllargutspelet". Den har arrangert kurs for barn og voksne, og hatt suksess i Amerika og våre naboland.

Ved inngangen til det nye hundreåret er det denne tradisjonen som ein spel levande dansarring vil føre vidare.

-> Les om Kristiane Lund her! <-