[ Les om og hør Kristiane Lund ]     [ Bestill bøker om NND og Kristiane ]


Nes Nasjonale Dansarring blei stifta i 1951. Lagets formål er å fremje bygdedansen, folkemusikken (både vokal og instrumental), bruk av bunader (folkedrakter) og ta vare på den tradisjonelle bygdekulturen.

Medlemmar av ringen deltek aktivt på kappleikar og fleire har 1. premie fra Landskappleiken. Per Olav Berget vann kveding, yngste klasse i 2001. Ringen har gjennom åra halde ei rekke framsyningar på hotell, i TV og ved andre arrangement. Ringen har vori på ei rekke turnéar i utlandet, seinast til den store folklorefestivalen "Baltica 2000" i Latvia. Rundt 1960 tok medlemmar i bruk beltestakken og bidrog med dette til at denne samt gråtrøya fekk ein renessanse som festplagg.

Ved å skipe bondebryllaup, buferdsdrifter, marknadsliv og spelstykkje som mellom andre "Huldresølvet på Klevar" og "Møllarguten på heimetufter", har laget teke vare på tradisjonar i bygdemiljøet.