Musikken skal gjere oss gode og glade




Kristiane Lund spelar springaren "Oterholtfossen".
Kassetten kan du få kjøpt hjå Buen Kulturverkstad, 3697 Tuddal.


Kristiane Lund (1889 - 1976)

var den siste av dei store felespelarane i Bø med ei ubroten line av musikktradisjon i forrige hundreåret. Ho deltok i sin fyrste kappleik i 1903 og spela for siste gong offentleg i 1972.
I NRKs arkiv finns det meir enn hundre slåttar som ho har spela inn. Konsertspelet hennar er i tradisjon frå Møllarguten og Lars Fykerud. Samstundes heldt ho på at fela og dansen høyrde saman.

I 1957 fekk ho Møllargut-æresmedalje i sølv for spelet sitt. Ved Landskappleiken på Røros i 1970 blei ho tildela Torkjell Haugerudprisen av Torkjell Haugeruds Minnefond. Ho hadde kunstnarløn frå både Bø kommune og Telemark fylke.

I 1989 gav Nes Nasjonale Dansarring ut boka "Kristiane - Bogestrok frå eit spelemannsliv" av Gerhard Hedlund

(Trykk her for omtale og bestilling av boka)