Nes Nasjonale Dansarring 50 år!


I helga den 12. og 13. oktober 2001 feira Nes Nasjonale Dansarring at laget var femti år. Jubileumsfesten gjekk føre seg på Norsjø hotell, og om fredagskvelden var det "Jubileumskavalkade" med spel, dans, kveding og anna som laget har drive med i desse åra.

På laurdagen var det festmiddag med taler og seinare dans og underhaldning. Over hundre nåverande og tidlegare medlemmar møtte kvarandre til ein tradisjonsrik og hyggeleg fest.

I høve jubiléet gav dansarringen ut boka "Å hildrande du - Nes Nasjonale Dansarring 1951 - 2001" av lokalhstorikaren Ingvar Skobba

Les nærare omtale og bestill boka her!



Bilder frå jubiléet:
(trykk på bilda for å forstørre dei)



Alle aktørane samla


Å hildrande du!


Fram dansar ein haugkall!


Frå festmiddagen


Nils Flatland fortel om gamle dagar under festmiddagen


Styret i jubileumsåret. Framme frå venstre: Grete Prestholt Roligheten, Solveig Aasmundsen og Liv Aasmundsen. Bak frå venstre: Edgar Johnsen og Harald Omnes. Sigmund Aasdalen var ikkje til stades då bildet blei tatt. Fana er måla av Trygve Slettemeås i 1962